Om oss

Hjelpekorpset i Volda er eit at dei største hjelpekorpsa i Møre og Romsdal. Vi er eit aktivt korps med god aktivitet og stor medlemsmasse. I tillegg til dette så har vi mykje bra utstyr, noko som er nødvending for å kunne drive redningsteneste. Vi har fleire lokale som vi kan nytte oss av. Dette kan du lese meir om her

Dagleg drift

Den daglege drifta av hjelpekorpset er det styret som står for. I styret sit ein korpsleiar, operativ leiar, administrativ leiar og 2 rådsmedlem. I tillegg så sit der eit varamedlem.

Ein dag i veka har vi korpskveld. På korpskveldar så går vi gjennom ting som er aktuelt for hjelpekorpset. Dette kan vere å øve på ulike prosedyrer eller bruk av utstyr. I tillegg så har vi av og til øvelsar. Utanom dette så er vi i beredskap 24/7 og er alltid klar til å rykke ut.

Fyrstehjelpskurs

Volda Røde Kors Hjelpekorps held fyrstehjelpskurs for blant anna bedrifter. Vi har svært erfarne kursholdarar som kan halde kurs for akkurat di bedrift! Høyrast dette interessant ut? Ta kontakt!

Her kan du sjå ein video frå distriktsøvinga vi arrangerte i 2020

Historie

Året er 1944 og 2.verdskrig herjar. Mange personar kring om i Noreg vert skadde som følgje av krigshandlingane. Også i Volda. Mange var fortvila og kunne ikkje yte den hjelpa dei gjerne ville. Dette fordi krigs- og ulykkeshandlingane slo brått og uventa til, og fordi det oppstod praktiske vanskar med å nå fram til kyndig lækjarhjelp i tide.I vårt nærområde var det Ørsta som var først ute med å starte hjelpekorps. Dette skjedde  i 1941. Under bombing av eit krigsskip i Ørstafjorden tok det lokale korpset hand om dei mange skadde og synte kva ein slik verdi eit slikt lag kan ha. Den 5.desember 1944 var det Volda sin tur. Kåre Bertelsen frå Norges Røde Kors tok turen til Volda for å orientere om hjelpekorpssaka. Mange var møtt opp for å syne si interesse. Og interessa vart neppe mindre då denne mannen frå Norges Røde Kors vart forseinka. Han hadde teke del i redningsarbeidet etter bombinga i Ørstafjorden og no måtte han ein tur på sjukehuset og gi blod før han kunne starte møtet. Med over 40 aktive medlemmar fekk hjelpekorpset sin store elddåp då det tyske skipet «Rotenfel» vart bomba i Dalsfjorden i mars 1945. Det har gått 77 år sidan Volda Røde Kors vart skipa og det heile starta altså med hjelpekorpset. Aktiviteten har heilt sidan 1944 vore jamn og god. Mykje har blitt lært, formidla og mangt eit menneske har fått hjelp av medlemmar frå Volda Røde Kors Hjelpekorps. Livslangt kameratskap har blitt til og det ryktast at laget kan reknast som eit av bygdas mest effektive ekteskapsbyrå. (Boka Kjære venner…, Volda Røde Kors Hjelpekorps 50 år.)