Grupper

I hjelpekorpset har vi ulike grupper. Desse gruppene har i tillegg til grunnutdanninga, ekstra utdanning innanfor sitt fagfelt.

Dei ulike gruppene sikrar at hjelpekorpset kan bistå i eit breidt spekter av hendingar. Dette inkluderar blant anna skred, ambulansetransport utanfor veg og søk etter sakna personar til sjøs. Alle medlemmar i gruppene har nødvendige kurs og sertifikat for å kunne delta på ein trygg og lovleg måte.

Skredgruppa

er felles med Ørsta Røde Kors og går under namnet Volda/Ørsta Røde Kors Skredgruppe. Alle medlemmane har fagkurs skred. Skredgruppa er heilt i Noregstoppen innanfor skredredning. Fleire medlem i skredgruppa har verv både på distrikts og nasjonalt nivå.

Scootergruppa

består av fleire medlem som innehar både førarkort BE og S. Hjelpekorpset har avtale med Helse Møre og Romsdal om ambulansetransport utanfor veg og har derfor scooter og sjåførar/førstehjelparar i 30-minutts beredskap heile vinterhalvåret. Scootergruppa trenar og øvar mykje for å sikre trygg og effektiv handtering av hendelsar.

Vassredningsgruppa

er i beredskap om det skulle skje noko på eller ved sjøen på Sunnmøre. Dei har ein båt av type polarcirkel og øvar ein del med denne. Medlemmane kan også bruke denne privat. Alle i båtgruppa har båtførarprøva. Det er også fleire som har maritimt VHF-sertifikat i tillegg til anten kvalifisert eller vidaregåande sjøredningskurs. Gruppa har mykje bra utstyr, noko som er nødvendig når ein ferdast i og ved sjø.